ALLE NORSKE BØKER TIL OG MED ÅR 2000 FRITT PÅ NETTET

Leitar du etter relevant tilleggslitteratur for prosjektet ditt? Som fyrste land i verda har Noreg digitalisert og lagt den nasjonale litteraturarven ut på nettet. Kring 250.000 bøker gjevne ut i Noreg til og med år 2000 kan no lesast fritt på www.bokhylla.no av heile befolkninga.

Frå Nasjonalbiblioteket si pressemelding:
– Eg meiner at litteratur og kunnskap skal vera tilgjengeleg for alle. Brei og enkel tilgang til litteratur på norsk er viktig for danning, demokratisk deltaking, utvikling av språkkjensle og identitet. Bokhylla.no gjev folk i Noreg ein unik tilgang til den nasjonale kulturarven vår, seier kulturminister Trine Skei Grande, som vitja Nasjonalbiblioteket torsdag 1. februar i samband med at bokhylla.no er fullført.


Det er det storstilte digitaliseringsprosjektet til Nasjonalbiblioteket og ein kollektiv avtale med rettshavarane gjennom Kopinor som har gjort bokhylla.no mogleg.

– Sidan 2006 har Nasjonalbiblioteket jobba målretta med å digitalisera samlinga. Takk vere den eineståande kompetansen som er bygd opp kring digitalisering i Mo i Rana, har vi nådd eit mål mange meinte var umogleg å gjennomføra, seier direktør Aslak Sira Myhre.

Fem år etter at Nasjonalbiblioteket og Kopinor inngjekk Bokhylla-avtalen, er han framleis eineståande i verda. Nasjonalbiblioteket og Kopinor vil i laupet av 2018 innleia samtalar om ei mogleg utviding av avtalen til å omfatta bøker gjevne ut seinare enn 2000.

Les meir om bokhylla.no og heile pressemeldinga her: http://bit.ly/2DRwipQ