1. KLASSE. GRUNNLEGGJANDE ØVINGAR

 

Emnenavn: Første studieår; hands on, materialfokus, bygningsprinsipp

Emnekode: 1. år

Studienivå: Syklus 2

Undervisningssemester: haust og vår

Undervisningsspråk: Norsk

Forkunnskapskrav: Det krevs ingen forkunnskaper utover opptakskrav til studiet.
 

Om året generelt:

Haustesemesteret består av grunnlagskurs i praktisk, metodisk innføring i bygningshistoria, situasjonsanalyse, bygg-, konstruksjons- og materialanalyse, med praktiske øvingar knytta til aktuell stad og bygg. Hausten har feltturar med kartlegging av historisk busetnad og hustypar, og registrering av ulike fysiografiske tilhøve. Oppfylgjing med enkle prosjekteringsoppgåver, oppmåling, vøling og vern. Studiet av mennesket sine mål og korleis ein utfører elementære gjeremål i ulike kulturar.

Vårsemesteret er meir praktisk skapande prosjekterings- og formingsarbeid. Oppgåvene er enkle, ikkje samansette. Det gjeld utforming av bruksrom ute og inne for få menneske, og for mange. Det blir lagt vekt på konsepttenking. å få fram og opna for dei sanseevnene kvar person har, og det gjeld klårgjering og oppøving av personleg uttrykk.

Arbeidsoppgåvene i DAV går frå stemning eller karakteravlesing og attgjeving, henta frå landskap, nærsituasjonar, årstidene, dagslyset, ulike tvilys, musikken, diktet og andre heilskaplege verdenar - til førestillingar om det usynlege eller ugjorde. 

Gjennom heile året vil studentane få innføring i bygningshistorie, landskapsøkologi og ex.phil. Undervisninga i dei to fyrste faga er tett knytta til APP-kursa og vert undervist i stor del på felt.
Året skal gje kunnskap, erfaring og kompetanse som dannar grunnlag for vidare studiar i 2. klasse.

 

Læringsutbytte:

Studentane skal gjennom første år på studiet ved BAS:

- verta kjent med busetjing og bygging på ein endefram måte med hjelp av den fyrste busetjinga, som var på kysten.

- læra å kjenna dei vilkåra landskap og klima set

- analysera og klårgjera vilkåra for å plassera bustad i høve til næring, grunnen, vinden og kontroll med havet, havn og ferdsle

- læra å kjenna mål og storleik, og behov for rom til eitt og fleire menneske i posisjonane liggja, sitje, stå og gå

- læra om ulike grunnleggjande gjeremål i huset i ulike kulturar og i ulike   hushald

- studera samansett busetnad, tun, der innbuarane er avhengig av kvarandre
- sjå på utforming av private og offentlege bruksrom (fellesrom ) i tunet

- øva seg i å forma i høve til elementære problemstillingar og

- presentera og visa sine arbeid offentleg.

- få tak i emnebreidden i arkitekturen

- skapa rom for mennesket i ulike situasjonar og med ulike gjeremål

- øva seg som arkitekt der det gjeld å skapa situasjonar for seg sjølv, situasjonar for sine vener, og rom for å møta framande

- arbeida med eksisterande hus som har lang brukstradisjon for

- få brukseigenskapar for vår tid og oss sjølve
- få fram og opna for dei sanseevnene kvar person har, og det gjeld
- øve og klårgjere personleg uttrykk.

- møte ulike verdenar, ulike uttrykk og ulike stemingar.

 

Arbeidsmåter og praktisk
Førelesingar, teoriseminar, feltstudier, litteraturstudier, gruppeundervisning og individuell rettleiing.

Praktiske øvingar, formingsøvingar og fremstillingsoppgåve.
Studentane nyttar verkstad.
                     

Obligatoriske krav

Alle kurs er obligatoriske.
Introduksjonar, førelesningar, gjennomgangar og rettleiingar er obligatorisk. Ut over dette skal studentane jobbe på salen minimum 50 %. Studentane er sjølv ansvarleg for eige oppmøte. Fråvær skal meldast hjelpelærar
Innleveringar: kvart kurs vert avslutta med ein intern gjennomgang kor studentane presenterar det materiale ein har produsert i løpet av kurset, det vere seg modell/ar, teikning/ar eller anna. Spesifikke krav til fore eksempel omfang, skala, teikning/modelle vil stå i det einskilde kursprogram. 
-Alle kurs skal evaluerast av studenter og lærarar som ein del av skulens kvalitetssikrings- og kvalitetsutviklingssystem
 

Vurdering/karakterskala

På kvart kurs får studentdane ei rettleiande, intern vurdering som gjeld det einskilde kurset. Tilbakemelding gis munnleg på siste gjennomgang.
Kriteria for vurdering og godkjend kurs dekker både kunnskap og tileigna fagleg erfaring, metodisk arbeid og innsyn, og haldning til faget. Grunnlaget er deltaking, innleverte individuelle og felles arbeidsoppgåver, og presentasjon av desse. Ved ikkje tilfredsstillande progresjon/innsats/nivå/deltaking må studenten supplere, eventuelt ta kurs eller deler/heile semester på nytt.
Den totale og formelle evalueringa skjer på eksamen av eksterne sensorar. Første eksamen er i slutten av 2. klasse.


KURSPLANER HAST 2017/VÅR 2018

Solund 2017 (link)