Bergen Offentlige Bibliotek med UROM er nominert til Årets Bibliotek

Dei tre nominerte til Årets bibliotek 2015 er Berg folkebibliotek, Bergen Offentlige Bibliotek og Realfagsbiblioteket ved Universitetet i Oslo. Prisen delast ut 14. januar 2016 i Fritt Ords lokale. Utdelinga er ope for alle. Les grunngjevinga kvifor Bergen Offentlige Bibliotek er nominert.

Bergen offentlige bibliotek

Over heile Noreg høyrer du ekko frå arrangementa på Bergen offentlige bibliotek. Dei siste åra har dei vore eit føregangsbibliotek særleg innan program- og arrangementsutvikling. Dei var eit av dei første norske biblioteka som byrja med podkast og videostrømming, og no held dei loddekurs, gamebrary og kodekurs i ungdomsavdelinga UROM. Særleg satsinga på ungdom er beundringsverdig og bør lyse som ei leiestjerne for korleis bibliotek kan trekke til seg andre grupper. Ombyggingane dei har gjort har hatt publikum i sentrum, der også kafeen vert ein møtestad og formidlingsarena. Saman med Bergen Arkitekthøgskole skapte dei ei annleis, utfordrande og nyskapande ungdomsavdeling i UROM. Bibliotek i dag skal bety noko for befolkninga, og køane utanfor Bergen offentlige bibliotek tyder på at dei klarar å vere det samlingspunktet dei skal vere i samfunnet. Samarbeid med universitet, hackemiljø, frivillige organisasjonar, festivalar og musikkorganisasjonar gjer berre at dei 1200 årlege arrangementa får omfanget for å treffe eit vidt spekter av folk. Bibliotekets virke har ringverknader i byen, området og i heile landet.

 

http://norskbibliotekforening.no/2015/12/desse-kan-bli-arets-bibliotek-2015/