Vitnemål /karakterutskrift / Diploma Supplement

BAS er eit profesjonsstudium. Det tyder at du får ditt vitnemål først etter avsluttande diplomeksamen med bestått master i arkitektur etter det 5. året. Etter 2. og 3. årseksamen vil du få eit bevis på at du har bestått eksamen, og at du er kvalifisert for og halde fram med neste årstrinn.

Diplomvitnemålet på BAS vert delt ut på diplomfesten medio august kvart år.

Som vedlegg til vitnemålet frå BAS får du ei karakterutskrift /Transcript of Record. 
Her vert det lista opp dei modulane du har tatt (1.-3.år / 3 ulike masterkurs /diplomprosjekt). 
Dersom ein har tatt teorifag/masterkurs på andre høgskular/universitet, så legg ein gjerne ved karakterutskrift derifrå. Særleg om ein har fått innpass for desse faga på BAS.

Som eit anna vedlegg til vitnemål, får ein og eit Diploma Supplement (DS). Dette er eit engelskspråkleg dokument, som forklarer vitnemålet og graden du har fått. Ei klargjering av det norske utdannings-og karaktersystem ligg som del av DS, henta frå Nasjonalt organ for kvalitet i utdanningen (NOKUT).

Formålet med Diploma Supplement er å gi informasjon om utdanninga til internasjonal bruk, for å sikre godskriving av utdanning og kvalifikasjonar på tvers av landegrenser både for profesjonelle og akademiske formål. Diploma Supplement er laga for å gi ei skildring av innhald, nivå, kontekst og status for studia som er gjennomført av kandidaten. 
Utskriving av Diploma Supplement er lovbestemt i høve til Universitets- og høgskolelovens § 53.1.

Diploma Supplement vert utskrive automatisk til alle kandidatar etter fullført utdanning, er gratis og utforma på engelsk.
I diploma Supplement vert det og ført på dersom ein har vore på studie og/eller praksisopphald utanlands. Merk at praksisopphald er ikkje gjev studiepoeng, det betingar ein frivillig permisjon frå hovudstudiet. 

Les meir om Diploma Supplement på NOKUT sine sider.

Last ned eit døme frå BAS på  Diploma Supplement med Transcript of Record som obligatorisk vedlegg på BAS. 

Last ned eit døme på karakterutskrift /Transcript of Record på BAS.