Erasmus stipend til praksisopphald i bedrift / organisasjon innan Europa (tidlegare Leonardo)

Veldig mange av BAS sine studentar tek eit praksisopphald på ein europeisk arbeidsplass i løpet av studiet. Gjennom Erasmus programmet kan du få stipend i 2-12 månader.

 

Søknadsfrist for å melde interesse for dette følgjer permisjonsfristane ved BAS. Dvs. 1. april for haustsemesteret / 1. november for vårsemesteret.

NB! Innan 1. mai / 1. desember må du gi stadfeste om dette er noko du reelt satsar på å få til. Avtale med kontor bør vere på plass innan desse fristane.

BAS får tildelingar årleg frå EU for å fremje mobilitet innan praksisopphald for studentar. Denne ordninga gjeld ikkje for praksisplass på norsk kontor, men kun andre land i EU.
Vertsinstitusjonane for praksisopphald kan være bedrifter, opplæringssentre, forskingssentre og andre organisasjonar.

Kor mykje du vil få i stipend, vil vere avhengig av kor mange andre studentar som er interessert i Erasmus praksisopphald, og kor mange stipend BAS har til rådigheit.
Først må interesserte melde seg. Du må i ein sjølvformulert søknad til BAS oppgi kva land du ynskjer å jobbe i, om du har funne kontor som vil ta i mot deg, og i kva periode du ynskjer å vere der. Frist 1. april / 1. november. 

Du som student må sjølv finne eit kontor som er villig til å ta i mot deg. Ta gjerne kontakt med administrasjonen på BAS for oversikt over tidlegare utplasseringar.
Det må fyllast ut og signerast ei intensjonsavtale (Training Agreement and Quality Commitment) mellom studenten, bedrifta og BAS. Alle tre partar må signere. Bedrifta som har praktikanten forpliktar seg til å følgje opp praktikanten på arbeidsplassen, teikne yrkesforsikring, utstede sluttdokument/sertifikat etter praksisperioden.
Etter opphaldet må ein fylle ut ein online sluttrapport.
20% av stipendet vil bli halde tilbake til sluttrapport er levert. Du vil og måtte ta ein Online Language Assessment Test før avreise, samt ein gong til etter at du er ferdig med praksisopphaldet. 
Erasmus praksisstipend erstattar ikkje lønn, men skal vere støtte til å bu og leve i utlandet.

Vi har avgrensa med stipend vi får tildelt, og det vil variere frå år til år.
Minimumsopphald må vere 2 månader, maksimalt 12 månader.
I snitt har stipendet vore på rundt 350 Euro per månad. Beløpet vil variere frå år til år, og det varierer og etter kva land du skal til.

Ettersom praksisopphaldet ikkje inngår som ein obligatorisk del av studiet ved BAS får du ikkje studiepoeng for opphaldet, men bedrifta skal gi deg ett ”sertifikat”/bevis når praksisperioden er fullført og du kan få det oppført i ditt Diploma Supplement som du får saman med det ordinære vitnemålet ditt.