1. KLASSE. GRUNNSTUDIER

 

1. KLASSE. GRUNNSTUDIER

Emnenavn: Første studieår BAS

Emnekode: År 1

Studienivå: Syklus 2
 

Studiepoeng: 60 studiepoeng/ECTS


Undervisningssemester: haust og vår

 

Emneinnhold: Erfaringsbasert undervisning i felt og på sal, innføring i materialbruk, bygningsprinsipp og formlære.  

Undervisningsspråk: Norsk (enkelte moduler undervises på engelsk)

Forkunnskapskrav: Det kreves ingen forkunnskaper utover opptakskrav til studiet.

 

Om året generelt:

 

1. året handler om EG. Studenten skal i løpet av 1. klasse finne sin eigen stemme som arkitekt og øve ansvar for seg sjølv som deltakande arkitekt.
Landskapsreferanse: Kysten ved Nordsjøen
Haustesemesteret består av grunnlagskurs i praktisk, metodisk innføring i bygningshistorie, situasjonsanalyse, bygg-, konstruksjons- og materialanalyse, med praktiske øvingar knytta til aktuelle steder og bygg. Hausten har feltturar med kartlegging av historisk busetnad og hustypar, og registrering av ulike fysiografiske tilhøve. Oppfylgjing med enkle prosjekteringsoppgåver, oppmåling, vøling og vern. Studie av mennesket sine mål og korleis ein utfører elementære gjeremål i ulike kulturar.

Vårsemesteret er meir praktisk skapande prosjekterings- og formingsarbeid. Oppgåvene er enkle, ikkje samansette. Det gjeld utforming av bruksrom ute og inne for få menneske, men også ein første innføring i å forme byrom for allmennheita. Det blir lagt vekt på haldning og konsepttenking og det gjeld klårgjering og oppøving av personleg uttrykk i modell og teikning.

Arbeidsoppgåvene i DAV går frå karakteravlesing og attgjeving, henta frå landskap, nærsituasjonar, årstidene, dagslyset, ulike tvilys, musikken, diktet og andre heilskaplege situasjoner- til førestillingar om det uangripelige eller ugjorde. 

Gjennom heile året vil studentane få innføring i bygningshistorie, landskapsøkologi og ex.phil som del av KTF faga. Undervisninga i dei to fyrste faga er tett knytta til APP-kursa og vert undervist i stor del på felt.
Kursa byggjar naturleg på kvarandre og vert meir komplekse etter kvart. Studentane skal bruke den kunnskap, dei ferdigheiter og kompetanser dei lærer i eit kurs vidare i dei neste kursa.
Året dannar grunnlag for dei vidare studiane.

 

 

 

 

Læringsutbytte:

 

Studentane skal gjennom første år på studiet ved BAS:
- verta kjent med busetjing og bygging på ein endefram måte med hjelp av den fyrste busetjinga, som var på kysten.

- læra å kjenna dei vilkåra landskap og klima set

- analysera og klårgjera vilkåra for å plassera bustad i høve til næring, grunnen, vinden og kontroll med havet, havn og ferdsle

- læra å kjenna mål og storleik, og behov for rom til eitt og fleire menneske i posisjonane liggja, sitje, stå og gå

- læra om ulike grunnleggjande gjeremål i huset i ulike kulturar og i ulike hushald

- studera samansett busetnad, tun, der innbuarane er avhengig av kvarandre
- sjå på utforming av private og offentlege bruksrom (fellesrom) i tunet

- øva seg i å forma i høve til elementære problemstillingar

- presentera og visa sine arbeid offentleg.

- få tak i emnebreidden i arkitekturen

- skapa rom for mennesket i ulike situasjonar og med ulike gjeremål

- øva seg som arkitekt der det gjeld å skapa situasjonar for seg sjølv, situasjonar for sine vener, og rom for å møta framande

- arbeida med eksisterande hus som har lang brukstradisjon

- få brukseigenskapar for vår tid og oss sjølve
- få fram og opna for dei sanseevnene kvar person har
- øve og klårgjere personleg uttrykk.

 

 

Arbeidsmåter og praktisk
 

Førelesingar, teoriseminar, feltstudier, litteraturstudier, gruppeundervisning og individuell rettleiing.
Praktiske øvingar, formingsøvingar og fremstillingsoppgåver.
Studentane har eigen prosjektsal med individuelle arbeidsstasjoner og nyttar jamvel skolens verkstader.
 

 

Obligatoriske krav


Alle kurs er obligatoriske.
Introduksjonar, førelesningar, gjennomgangar og rettleiingar er obligatorisk. Ut over dette skal studentane jobbe på salen minimum 50%. Studentane er sjølv ansvarleg for eige oppmøte. Fråvær skal meldast hjelpelærar.
Innleveringar: kvart kurs vert avslutta med ein intern gjennomgang kor studentane presenterar det materiale ein har produsert i løpet av kurset, det vere seg modell/ar, teikning/ar eller anna. Spesifikke krav til for eksempel omfang, skala, teikning/modeller vil stå i det einskilde kursprogram. 
-Alle kurs skal evaluerast av studenter og lærarar som ein del av skulens kvalitetssikrings- og kvalitetsutviklingssystem
 

 

Vurdering/karakterskala


På kvart kurs får studentdane ei rettleiande, intern vurdering som gjeld det einskilde kurset. Tilbakemelding gis munnleg på siste gjennomgang.
Kriteria for vurdering og godkjend kurs dekker både kunnskap og tileigna fagleg erfaring, metodisk arbeid, refleksjon og haldning til faget. Grunnlaget er deltaking, innleverte individuelle og felles arbeidsoppgåver, og presentasjon av desse. Ved ikkje tilfredsstillande progresjon/innsats/nivå/deltaking må studenten supplere, eventuelt ta kurs eller deler/heile semester på nytt.
Den totale og formelle evalueringa skjer på eksamen av eksterne sensorar. Fyrste eksamen er i slutten av 2. klasse, der studenten stiller ut og reflekterer over arbeid og læringsutbytte frå dei to fyrste åra.  

 

Kurs:
For fyrste året er prosjekteringsoppgavane delt i følgjande kurseiningar (til kvart kurs får studentane ein kursplan som inneheld oppgåve, læringsutbytte og innleveringskrav. I 1. klasse vert dette gitt munnleg). Inkludert i kursa vert det lagt inn øvingar i DAV samt introduksjoner i KTF og TTA.

Solund: Feltkurs

Arne: Prosjekteringskurs med landskaps- og bosetnadsfokus

Tun: Felt- og prosjekteringskurs med landskaps- og bosetnadsfokus

Badet:Prosjekteringskurs med funksjons- og materialfokus
Rom for venner: Prosjekteringskurs

Rom for ukjende: Prosjekteringskurs i urban skala

Lemstova: Prosjekteringskurs med fokus på konstruksjonsprinsipp