Regulært opptak 1. år

Om opptaket til masterstudiet i arkitektur ved Bergen Arkitekthøgskole, BAS . Søknadsfrist er 15. april

BAS tar opp 30 nye studentar til 1. år. Opptaket til BAS er to-delt; søknad og intervju. Merk at opptak til BAS er lokalt, det vil seie at du må søkje direkte til skulen (ikkje via Samordna opptak).   

Opptaksprosess
Trinn 1, søknad: Søknadsfrist 15. april.
Skulens eigen søknad sendes per post (må vere poststempla seinast 15. april) eller leverast direkte til administrasjonen i opningstid. Stikkord er interesse, motivasjon, erfaring og refleksjon.


Obligatoriske vedlegg
Kopi av eksamensvitnemål og vedlegget, «erfaringsoversyn» skal følgje søknaden. Ved manglande vedlegg kan søknaden vurderast som ugyldig. Søknadar sendt inn etter frist vert ikkje vurdert.  

Viss du skriv søknaden for hand, må du sørgje for at det er leselig.

 

Søknaden sendes til:
Bergen Arkitekthøgskole
Postboks 39
5841 Bergen 

 

Søknadsskjema finn du her

Vedlegget erfaringsoversyn finn du her

 

Trinn 2, intervju:

På grunnlag av søknadsskjemaet kallar skulen inn til intervju. Dette er ein samtale med representantar for opptaksnemnda. Samtalen vil vere basert på søknaden din. Har du ein portofolio som syner tidlegare arbeid, ta med denne til intervjuet.
Intervjua vert gjennomført medio-slutten av mai.
 

Alle korrespondanse til søkjarar i opptaksprosessen skjer per e-post.

 

Vurdering og tilbod om plass
På bakgrunn av søknad og intervju vil 30 søkjarar få tilbod om plass. 12-15 søkjarar vil får tilbod om å stå på venteliste, og vil eventuelt få tilbod om plass viss nokon seier frå seg plassen. Tilbod vert sendt ut rett i etterkant av intervjua.

Den einskilde søkjaren vert vurdert på grunnlag av eigen interesse, motivasjon, erfaring og refleksjon men og på grunnlag av kva for eit bidrag søkjaren kan utgjere i den nye klassen. Mellom likestilte kandidatar vert motivasjon og underbygginga av denne det avgjerande.

 

Opptakskrav

Alle som har generell studiekompetanse, eller realkompetanse, kan vurderast for inntak.
For informasjon om utdanningsløp som kan gi generell studiekompetanse eller for generell informasjon om opptak til høgare utdanning, sjå http://www.samordnaopptak.no/info/opptak/
Du må sjølv dokumentera dette når du søkjer skulen. Viss du ikkje får vitnemål før sommaren, send med terminkarakterane dine.

Skulen er og interessert i at studentane har mangfaldige erfaringar, men dette er altså ikkje eit absolutt krav:

  • Praktiske erfaringar frå byggeindustrien: at du har arbeidd på ein byggjeplass der du har gjort nytte av eit handtverksfag eller henta anna erfaring, som til dels frå båtbygging, verft.
     
  • Opplevingar frå andre land eller kulturar ut over feriereiser. Kontakten må vere av ein slik art at ein kan reflektere over ein annan kultur sin karakter og kvalitet.
     
  • Brei samfunnserfaring; helst gjennom arbeid eller praksis av seriøs art, til dels at ein har vore i ein heiltidsjobb i seks månader.
     
  • Har utøva eller har god innsikt i kunstens verden: frå musikk, dans, bildande kunst eller litteratur, berre for å nemne dei mest vanlege. Dette må representere ein skikkeleg innsats, ikkje berre hobbyverksemd no og då.
     
  • Det som er avgjerande er din motivasjon! Du må overtyde opptakskomiteen om at du verkeleg vil bli arkitekt, og at det er eit bevisst val å studere på BAS.
     
  • Det er positivt om du kan ta med portofolio til intervjuet, med teikningar og skisser av ting du har laga.

 

Om BAS

BAS byrja å ta opp studentar i 1986 etter eit vedtak i Bergen Arkitektforening, og vart starta opp som eit fagleg og pedagogisk alternativ til dei andre to arkitektskulane i Noreg. BAS er ein privat høgskule, drive av ein stiftelse, og har  per dags dato ei studieavgift på  kr. 16.000,- per semester/ kr. 32.000,- per år. I tillegg kjem SiB-avgift og Kopinor-avgift. BAS er godkjendt i lånekassa. Skulen er underlagt lov om private høgskolar.

Avsluttande eksamen frå skulen gjev rett til tittelen Master i Arkitektur og studentane er førehandsgodkjende som medlemmar av NAL (MNAL)

BAS oppmodar alle dei som ynskjer å studere ved BAS, til å besøke skulen og slik få eit bilete av skulen før ein eventuelt byrjar på studiet. Informasjon om eventuelt opne dagar vert lansert på heimesida. 

 

Her finn du nokre artiklar om BAS og studentlivet her!

 

artikkel frå 2011 i Bergensavisen  i samband med 25 årsjubileet til BAS. 

artikkel frå 5.april 2014 i magasinet Eiendomsmegler 1

artikkelen «Studentliv fra morgen til kveld» frå BT 23. mars 2015

artikkelen «På dette studiet betyr karakterene ingenting» frå BT 7. februar 2016