Vinnar av Statsbygg sin studentpris på BAS - utdeling 13.november kl. 1330

Kom og få med deg at Statsbygg deler ut sin studentpris på NOK 20.000,- onsdag 13. november kl. 1330 i store auditorium, til eitt av tre nominerte diplomprosjekt frå 2013. Statsbygg ynskjer å stimulere til eksperimentelle og nyskapande studiar av arkitektur blant framtidige generasjonar av arkitektar. Studentprisen vert delt ut til eitt eller fleire studentprosjekt på masternivå for særleg nyskapande og vel gjennomført prosjektarbeid utført i tråd med statens føringar innan arkitekturfeltet. I evalueringa vert det lagt vekt på kvalitet og formmessig klarheit – med tanke på identitet, praktisk brukbarheit og estetisk verdi.

Statsbygg har difor inngått avtale med BAS om utdeling av ein slik studentpris. BAS har lagt dette til diplom, og nominerer tre av diplomprosjekta som blir sendt inn til ein jury i Statsbygg.

Dei andre arkitektskulane i Norge har same ordning, og det vert gjort tilsvarande innan fagfelta landskapsarkitektur og interiørarkitektur.

2012 var første året BAS deltok, og Statsbygg kjem til BAS onsdag 13.november for å offentleggjere vinnaren for 2013 som får ein sjekk på NOK 20.000,-.   Det vert eit arrangement i store auditorium kl. 1330,  der vi ynskjer studentar og lærarar velkomne.

Dei tre prosjekta som var konkurrerte om prisen var:

 “(Un) Common altering” by Sindre Wam and Erlend Strønstad Aalmo

 “Against the Grain" by Håvard Tveito

"Repossessing the obsolete" by Anna Andrea Vik Aniksdal