Vinnar av Statsbygg sin studentpris 2014 - Anders Sletten Eide og Mattias Josefsson: “Treasury of deserted backdrops”

28. januar blei Statsbygg sin studentpris på BAS 2014 tildelt Anders Sletten Eide og Mattias Josefsson. Representant for Statsbygg Vest Alda Morice Christensen overrakte sjekken på NOK 20.000,- til vinnaren av dei tre nominerte diplomprosjekta. Christensen representerte Statsbygg Vest sin regiondirektør Torbjørn Nævdal. Studentprisen vert delt ut til eitt eller fleire studentprosjekt på masternivå for særleg nyskapande og vel gjennomført prosjektarbeid utført i tråd med statens føringar innan arkitekturfeltet. Les festtalen og grunngjevinga frå juryen.

Her kan du lese Festtalen og jurybegrunnelsen 

Dei andre arkitektskulane i Norge har same ordning, og det vert gjort tilsvarande innan fagfelta landskapsarkitektur og interiørarkitektur.

Her finn du presentasjon av prosjektet til vinnaren av Statsbygg sin studentpris på BAS 2014:

Anders Sletten Eide og Mattias Josefsson: “Treasury of deserted backdrops”


Dei to andre nominerte prosjekta: 

Almudena Ruiz-Giménez Úbeda og Nadav Kochavi: “Recomposing Presence in Trumpeldor - A revival to an existing cemetery located in the heart of Tel Aviv, Israel”

Fredrikke Lundgaard Frølich:  “Intercultural co-existence Meeting people, bridging difference and getting along”

 

BAS gratulerer Anders Sletten Eide og Mattias Josefsso med prisen, og takkar Statsbygg for støtten!