Vinnar av Statsbygg sin studentpris 2013 - "Reposessing the obsolete- investigating, repositioning and transforming obsolete industrial structres at Porsgrunn Mekaniske Verksted"

13.november blei Statsbygg sin studentpris på BAS 2013 tildelt Anna Andrea Vik Aniksdal. Representant for Statsbygg Vest Alda Morice Christensen overrakte sjekken på NOK 20.000,- til vinnaren av dei tre nominerte diplomprosjekta. Christensen representerte Statsbygg Vest sin regiondirektør Torbjørn Nævdal. Studentprisen vert delt ut til eitt eller fleire studentprosjekt på masternivå for særleg nyskapande og vel gjennomført prosjektarbeid utført i tråd med statens føringar innan arkitekturfeltet. Les festtalen og grunngjevinga frå juryen.

Festtalen og jurybegrunnelsen kan du lese her:

Dei andre arkitektskulane i Norge har same ordning, og det vert gjort tilsvarande innan fagfelta landskapsarkitektur og interiørarkitektur.

Her finn du presentasjon av prosjektet til vinnaren av Statsbygg sin studentpris på BAS 2013:

"Repossessing the obsolete" by Anna Andrea Vik Aniksdal


Dei to andre nominerte prosjekta: 

 “(Un) Common altering” by Sindre Wam and Erlend Strønstad Aalmo

 “Against the Grain" by Håvard Tveito
 

BAS gratulerer Anna med prisen, og takkar Statsbygg for støtten!

 

Rektor ved BAS, Cecilie Andersson takkar Statsbygg for støtten. 
Foto: Anna Andrea Vik Aniksdal