Steinkurs i Gulen

2. årsstudentane på BAS har steinkurs på Flolid i september 2015 - Start av steinbyggjarskule i Gulen, Vestlandet. Målet er å byggje ein steinvegg i 1:1 på Flolid - den fyrste steinveggen som levegg, og visningsvegg i terrenget/landskapet.

Steinkurset er eit kurs i tørrmuring. Studentane byggjer og arbeider med stein. Steinveggen er 1 levegg (klimavern) og visningsvegg i ein større struktur for planområdet på Flolid i Gulen. Steinveggen er tørrmurt og skal gje le/vern for lokal -og kald vind frå aust (haust og vinter).
Steinveggen er plassert sør og aust i byggjegrensa til ein av fleire husteigar i planområdet.
Steinveggen er den fyrste av fleire steinveggar i ein større teigstruktur i prosjektet Pilot Gulen, "STERK VIND - OPEN FORM". Pilot Gulen er eit arbeid hjå fylkeskommunen i samarbeid med kommunen og grunneigar for ei alternativ regulering av Flolid området til bruk for fritidshus (hytter). Planområdet på Flolid ligg aust for Gulatinget i Gulen kommune, Sogn og Fjordane fylke.
Steinveggen sin storleik er: 7 meter lang, 1 meter og 80 cm høg, vel 80 cm djup nede og tilsvarande smal/djup oppe.
Steinkurset er delt i to; steinkurs del I i veke 38 og steinkurs del II i veke 39.
Fyrste steinveggen vert bygd av arkitektstudentar i kull 29 ved Bergen Arkitekthøgskole (BAS).
Deltakarar på steinkurset er studentar frå 2.året ved BAS. Halvdelen av klassen deltek på steinkurs del I i veke 38 og resten av klassen på steinkurs del II i veke 39.
Kurslærar på staden er: Berit Bruvik, tørrmurar
Refferanse/lærar: Haakon Aase, tørrmurar
Refferanse pilotarbeidet/gjestelærar: Mona Elisabeth Steinsland, Sogn og Fjordane fylkeskommune (plan og samfunnsavdeling).
Grunneigar er: Kåre Flolid

Vidare foto: Berit Bruvik