Reisebrev frå utvekslingsopphald i India

Kristine Knapstad er dette semesteret på utveksling ved Kamla Raheja Vidyanidhi Institute for Architecture and Environmental Studies i Mumbai, India. Ho har sendt oss nokre ord og bilete om sitt møte med Mumbai

Ved første blikk framstår Mumbai som det komplette biletet av kaos: bilar, rickshawar, syklar, folk, høghus, skur, fargar, marked, butikkar, lys, lyd overalt. Etterkvart som ein steg for steg lærer byen å kjenne, vil ein derimot oppdage at dette kaoset har ein eigen svært kompleks orden. Trafikken er massiv og har tilsynelatande ingen reglar (eller, ingen følgjer dei), men denne underlege fleksibiliteten fungerer på eit vis - og kanskje er det nettopp fleksibiliteten som sikrar organiseringa av ein metropolstruktur der over 20 millionar innbyggjarar skal kome seg frå A til B/C/D og attende i løpet av ein vanleg dag. 

Mumbai har ein fordel som mange norske byar (eller i det minste byutviklarar) ønskjer seg: eit mylder av menneske i alle aldrar og sjangrar. Der mange offentlege stader i Noreg kan stå tomme mesteparten av dagen, eller kanskje store deler av året (så klart også relatert til klimaet), veit innbyggjarane i Mumbai korleis dei skal utnytte kvar centimeter av tilgjengelege gater og opne stader. På mange måtar er dei også tvungne til det. Det er blitt poppis å flytte til verdsmetropolen; auka i folketal var på svimlande 900 % frå 1911 fram til i dag, no på 3% per år. Geografien (havet i sør, naturreservat og fjell i nord) hindrar byen i å vekse horisontalt, og over heile Mumbai byggjast det no i høgda for å huse den nye arbeidskrafta til byen. 

Den ekspansive veksten trugar både eksisterande bymiljø og økologi; og det er om lag her arkitektskulen KRVIA stiller seg. Korleis vekse på ein meir berekraftig måte, og utan å øydeleggje eksisterande verdiar? Masterkurset inkluderer fag som planleggingsmetoder, urban økologi/landskapsarkitektur, GIS som kartleggingsmetode, bykonservering, tradisjonell bygd struktur, arkeologi og teoretiske rammeverk som urban sosiologi, urban designhistorie samt -teori og kritikk. I tillegg har ein eit hovudkurs, dette semesteret med fokus på sosiale miljø (communities) som utgangspunkt for kartlegging av byen. Med ein slik breiddebasert og kombinert master i urban design og -konservering, håper skulen å utdanne byutviklarar som kan navigere i den komplekse indiske jungelen av konflikterande interesser, og la også dei uhøyrde stemmene i byen kome til orde. 

Alle foto: Kristine Knapstad