Regulært opptak til master i arkitektur - Søknadsfrist 15.april.

BAS tilbyr eit 5 årig profesjonsstudium som gjev deg graden master i arkitektur. Viktig å merke seg at opptak til BAS ikkje går gjennom samordna opptak men har sin eigen søknadsprosess, med frist 15. april. Les meir.

Første steg er å skrive eit motivasjonsbrev og sende det per post eller e-post til BAS. Her skriv du kort kven du er, kvifor du vil bli arkitekt, og kvifor du vil gå på BAS. Så ber du om å få tilsendt søknadsskjema. 
Send motivasjonsbrevet på adm@bas.org eller til adressen BAS, pb.39, 5841 BERGEN. 

Søknadsskjema må du fylle ut og returnere til oss seinast 15.april. 

Vi kallar aktuelle kandidatar inn til personleg samtale. 

Les meir om regulært opptak til 1.året her.