Reformasjonsportal på Torget i Bergen

Ein eigen reformasjonsportal som er laga av studentar ved Bergen arkitekthøgskole skal stå på Torget i Bergen frå 20. januar til 10. mars. Portalen markerer Reformasjonsbyen Bergen 2017 og staden for ei internasjonal omreisande utstillinga som vert vist i Bergen 4. mars. Bergen er Noreg sin representant i eit nettverk av 68 europeiske reformasjonsbyar.

Opning av portalen blei markert fredag 20. januar kl.16 på torget med helsingar frå:

Bergen Arkitekthøgskole– rektor Cecilie Andersson

David Aadland Valen, representant for studentprosjektet

Bergen kommune, varaordfører Marita Moltu

Halvor Nordhaug, biskop i Bjørgvin

(Bilder frå Bjørgvin bispedømekontor)

Bergen kommune, Bergen domkirke menighet, Bergen kirkelige fellesråd og Bjørgvin bispedøme inviterer saman til ei rekkje arrangement i Reformasjonsbyen Bergen 2017.  Hovudmarkeringa blir folkelege og faglege «Lutherfestdagar» 3. – 7. mars. Dette skjer i samband med at den mobile utstillinga på veg gjennom alle reformasjonsbyane har sin stopp i Bergen 4. mars.

 

Teser i tida

Eit av prosjekta som er planlagt for heile 2017 er «Teser i tida». Kvar veke, bortsett frå om sommaren, vil det bli presentert ein tese i det offentlege rom. Dette er eit samarbeid med Kirkens bymisjon, studenter ved institutt for design og institutt for musikk ved fakultet for kunst, musikk og design, UiB og Bergen Arkitekthøgskole, og fagstab ved det Juridiske fakultet, UiB.  Kvar fredag kl. 16 blir ein ny tese vist på veggane til Johanneskirken, Nykirken og St.Jakob kirke. I tida 20. januar – 10. mars vil tesen også bli presentert ved portalen på Torget.  Tesene blir også presentert av den som står bak vekas tese på eit frokostmøte i Korskirken den påfølgjande onsdagen kl. 08.00.

 

Mål for Reformasjonsbyen Bergen:

  •        Synleggjere spor av reformasjonen i samfunnet
  •        Feire dei gode fruktene av reformasjonen
  •        Gje impulsar til debatt om våre samfunnsverdiar

 

Detaljert program og lenker til nasjonal markering: http://reformasjonsbyen.no

 

Bergen og reformasjonen

I 1526 mottok erkebiskop Olav Engelbrektsson i Nidaros det fyrste av fleire klagebrev om lutherske tendensar i Bergen. Det var ikkje tilfeldig at Luthers lære fekk grobotn i Bergen, og at hanseatane var ivrige forkjemparar for den nye læra. Den lutherske tradisjonen med å syngje bordvers spreidde seg raskt i dei bergenske heimane.

 

Kontakt:

Ragna Sofie Grung Moe

Prosjektleiar for Reformasjonsbyen Bergen

Mobil:  952 77 371

E-post: rm548@kyrkja.no