Program 15. August på BAS

Laurdag 15. august er det klart for høgtidleg opning av skuleåret 2015/16 med gjennomgang av diplomutstillinga på dagtid. På kveldstid vert det minnemarkering for Svein Hatløy og diplomseremoni. Les meir om programmet.

PROGRAM LAURDAG 15.AUGUST 2015 

1200: Opning av skuleåret 2015/16, velkomst nye studentar.Tale ved rektor Cecilie Andersson

1300: Kursintroduksjon dei ulike trinn

1400: Gjennomgang av diplomutstillinga ved Veronika Valk,sensor under eksamen i juni

1900: Minnemarkering for Svein Hatløy, etterfølgt av diplomseremoni med tale ved rektor og utdeling av vitnemål.  Dette skal finne stad i silokjellaren.

Minnetale ved Mona Steinsland og Espen Rahlff. Minneprotokoll vert lagt ut ved biblioteket.

Spor kryssar spor. (2015), Else Olsen S. (WP)
Hymne til Svein Hatløy.

Spor kryssar spor er eit Open form-verk, og vil bli framførd samstundes som BAS held sitt arrangement. Begge hendingane vil interagera med kvarandre men i kvar si tidsakse. 

Utøvarar:
Else Olsen S.
Øyvind Storesund
Songarar: Matilde Rønning, Annabel Lee, Eline Moe Eidvin
Leketøysorkesteret

Medhjelparar:
William Aarsland,  Xiaoyu Xu, Matyas Cigler, Christian Victor Palmer

Diplomutstillinga er opa utover kvelden.