PRESSEMELDING - Bjånes Natur-og kulturpark. Visning av modellar

- Fleire osingar kjem nok til å bli sjokkerte! Nå kan du finna ein modell av Bjånes og få direkte tilgang til overveldande og fantastiske scenario for korleis ein natur- og kulturpark der kan bli. Sju imperier, ein landingsplass for englar og eit gedigent, sirkelforma symjebasseng er mellom forslaga som masterstudentar ved Bergen arkitekthøgskole har laga - og som du kan sjå - om du finn ein modell. Les meir.

Rottekongens verdskart, plassen der Godzilla sin bror kan ha blitt født, og hummarskipet kan finnast på kartet, og utforskast fysisk på Bjånes. Eller, om du har mest lyst på litt sårt sakna åleinetid, kan den einsame utsiktsbrua vera noko for deg. Men berre om du finn ein modell.
Investorane som skal bygga ut bustadar og hotell på Bjånes har sett alle forslaga masterstudentane har laga til den planlagde natur- og kulturpark på Bjånes. Dei er imponerte og overvelda, og kanskje ein smule overraska.

- Her er det masse fantastisk som me kan bruka, men mykje av det kunne me ikkje ein gang drøymd om, sa ein av dei etter å ha sett prosjekta.

- Nokre Osingar kjem nok til å bli sjokkerte. Me må få åpna dei opp for dette her, heldt han fram.
Er du åpen nok, til å i det minste sjå på desse fantasifulle prosjekta? Sett i gang og leit etter modellar! Dei er plasserte ut på Bjånes-halvøya og i Os sentrum. Studentar frå arkitekthøgskolen har reist rundt og hengt opp tre-fire modellar kvar. Finn du ein modell er alt du treng ein smarttelefon som les QR-kodar. QR-koden sender deg vidare til ein presentasjon som viser prosjektet som er bakgrunnen til modellen.

Prosjekta er laga av masterstudentar ved Bergen arkitekthøgskole, som har jobba med Bjånes sidan februar. Utgangspunktet er kommundelplanen som blei vedteken for eit halvt år sidan, der halvøya skal byggast ut med bustadar. Kravet kommunen har stilt til utbyggarane er etablering av ein natur- og kulturpark som kan setta Os på kartet. Prosjekta er utforskande i si form og søker å komma vekk frå oppbygde førestellingar om kva ein park er. Ei slik tilnærming er, slik me ser det, den einaste måten ein slik park faktisk kan komma til å setta Os på kartet.

Gruppa med 16 studentar har mellom anna vore på studietur til Museum Insel Hombroich i Nord-Rhinen, Tyskland, samt laga ein publikasjon med over 100 ulike landskap i verda som kan knyttast til emnet. Ansvarlege for kurset er Prof. ark. MAA Thomas Wiesner og ark. MAA Eli Goldstein.

For meir informasjon kontakt student og pressekontakt Karoline Kalstveit på telefon 92020290.


Denne modellen er utplassert på Bjånes.