Morten Ramm Salbu sin bortgang

Dette var ei særs sørjeleg melding, om ei tragisk hending. Alle som har gjennomført 5 år ved BAS, høyrer nære til i BAS-familien, og dei fyrst uteksaminerte har ei særstilling. Me vil uttrykka vår sorg over denne altfor tidlege bortgangen, og helsa kona og familien hans i medkjensle. Les minneordet fra Svein Hatløy, tidlegare rektor og grunnleggjar av BAS.

Morten var i fyrste kullet som gjennomførte Masterstudiet i Arkitektur ved BAS. Dei satsa før skulen hadde fått eksamsrett og reguler statleg løyving. Eksamensretten fekk BAS tildelt året før 1.kullet leverte Diplomarbeida.

Eg minnest godt Morten sin Diplomutstilling i Industrihuset, under ei stilfull eksamineringssesjon, der han forsvarte seg på sin karakteristiske måte. Han ville visa meir enn me i rammene hadde lagt opp til. Slik var han ein ekte BAS-elev: visa seg, ansvarleg, med sin karakter, visa det han særskilt ville, og visa kva han var god for. Han bygdte sjølvstendig opp sin personlege karakter for å verta arkitekt, og demonstrerte det gjennom Diplomarbeidet sitt. Med sin eksamen Master i Arkitektur ved BAS, var han mellom dei 11 som fyrst fekk BAS-vitnemålet (av 18 opphaveleg opptekne på kullet), vitnemålet utskrive med heimel i Kronprinsregentens resolusjon av 27. juli 1990, med retten til å bruka tittelen Sivilarkitekt.

Morten høyrer til det kullet som satsa på dette utan garantiar, og slik var med å bygde BAS frå fyrste året på sitt særskilde alternative program, BAS, ein arkitektskule for nye generasjonar arkitektar, med sjølvtru og utvikla ansvarskjensle for ein arkitektur underlagt dei kunstnarlege kriteria og kritikk.

Setningane er siterte frå BAS-ALTERNATIVET, boka om BAS utgjeva 1999, der du og vil finna namnet til Morten under overskrifta UTEKSAMINERTE SIVILARKITEKTAR 1991-1999, avsnitt 1991.

Me lyser fred over minnet hans.
Svein Hatløy, rektor 1986-2007