Minneord for Professor Bjørn Holgernes

PROFESSOR BJØRN HOLGERNES 1947-2013 - EIT MINNEORD. FILOSOFILÆRAREN VÅR VED BAS -PERSONLEG LÆRAR FOR DEI NYE ARKITEKTANE. MED KUNSTEN SOM DEL AV ARKITEKTUREN. KORLEIS KUNSTEN VERT TIL.

På tysdag 13.august vart filosofiprofessoren vår på BAS gravlagd, på kyrkjegarden på Mjeldheim, Indre Arna.
Professor Bjørn hadde døydd så altfor tidleg. Forferdeleg sørgjeleg.
Me fylgde han til grava. Verkeleg trist. Me vil sakna han skrekkeleg, men hjarteleg.

Tekstsløyfa på blomane frå BAS:

Til Professor Bjørn Holgernes.
Kjære kollega, filosofilæraren for arkitektstudentane og oss alle. Du var med å laga Bergen Arkitekthøgskule heilt frå starten av. Me takkar deg hjarteleg. Me vil sakna deg og minnast deg inderleg. Helsing BAS.


Me minnest deg heilt frå dei aller fyrste åra. To-tre årskull med sine lærarar var i gang. Det var 4.januar og over 60 studentar og lærarar møtte for å høyra om dei næraste filosofane våre, Martin Heidegger og Ludvik Wittgenstein. Bjørn Holgernes og Kjell S. Johannessen heldt særkurs for BAS.
Eg sat saman med mine nye lærarkollegar, arkitektane Michael Lloyd frå London/Oslo og Ingolf Westbø frå Sauda/Nesodden. Me sat og tykte veldig mykje om dette årlege nyårskurset i aktuell filosofi. Me opplevde å få vera med og laga ein ny arkitektskule.

Det var elles stille på UiB, framleis akademisk juleferie, og me hadde universitetet for oss sjølve. Universitetsstudentane kom ikkje før den 10ende om lag. BAS-folka, derimot, kom då kvar dag til intensivkurs i 4-5 dagar. Heidegger og Wittgenstein vart årsstart kvart år dei fyrste åra til BAS, den alternative arkitekthøgskulen.

Forma på arkitektstudie fekk me til etter kvart. Då fyrste-årsstudentane fekk fast plass på Utsira kvar september månad, starta og UiB-professorane sine komplementære teoretiske fag der. Professor Bjørn Holgernes kom til studentane i telt og naust og fekk førelesingar i førebuande mellom steinaldertufter og dagens vesle samfunn.

Professor Bjørn underviste BAS-studentane gjennom 25 år, i filosofi førebuande på Utsira og på universitetet, og vidare i grunnfag og delfag for dei som valde det. Han utvida så med sine utvalde emnebolkar, i auditoriet vårt i Sandviken. Studentar frå alle årsklassar møtte; og lærarane. Arkitektskulen var altså og ein skule i filosofi. Bjørn Holgernes hadde ei sentral rolle i oppbygginga BAS-alternativet.

BAS har vorte internasjonal. Studentane kjem frå Nord- og Sør-Amerika, får heile Europa, og frå halve Asia. I Kina innfører me BAS-programmet på 5 universitet og kunstakademi. Diverre er no Bjørn gått bort. Men Husserl og Heidegger er med, på kinesisk. Studentar som får lagt fram deira filosofi, skjønar straks arbeidsmåten til BAS. Bjørn har hatt så stor påverknad.

DER URSPRUNG DES KUNSTES.
BAS sitt program er i fyrste rekkje eit alternativ til den tekniske arkitekthøgskulen, som har rådd grunnen i 150 år. Med BAS fekk me snudd om programmet, så fyrste setninga lyder: - subjektet før objekt. Fyrst gjeld det altså mennesket. Med programpostane Kunst og Filosofi skil BAS seg frå dei tekniske arkitekthøgskulane. Bjørn Holgernes gjorde det nye programmet heilt. Med Martin Heidegger klårgjorde Bjørn korleis kunst vert til, -  der Ursprung des Kunstes. Avgjerande for arkitektstudenten på BAS er å sjå og skjøna dette; som det motsette av det diffuse og mystiske. 

Professor Bjørn sto framføre oss på flate golvet utan kateter, i joggesko, med oppbretta skjorteerme. Han sto heilt inn til fyrste opptrinnet i auditoriet, me på fyrste benkerad og tett oppetter. Førelesinga hans var i samtaleform, utan skrive manuskript. Han visste kva han ville seia. Alle oppfatta at han snakka særskilt til deg, og spurte heile tida: - er du med meg? Er dokke med? På Arna-Bergen-dialekt; med kraftfulle grep i lufta med armar og nevar. Han kunne ta sin eigen sko opp i nevane for å halda fram det konkrete bruksobjektet, eller han  viste til bruken av øksa, eller for å syna steget frå bruksting til kunst: - imaginert tok han opp grasriva på slåttemarka og sa: - ein god, funksjonell reiskap. Så vendte han reiskapen opp ned, og fekk oss til å sjå føre oss den samansette forma, skaftet, tverrstykket, dei mange fine tindane. For oss la han så inn den naturlege  tanken om undring og ettertanke, ved ein slik unaturleg, kunstig, måte å sjå riva på. Du held reiskapen på ein ikkje funksjonsretta måte, opp-ned, og du tenkjer dine nye tankar, snur og vender på tingen, ser tingen på ny, og tenkjer etter. I dette høvet, og i hovudet ditt, undrar du deg over kva du ser, og lagar deg nye tankar, vurderingar og andre syn på tingen. Etter dette er du som arkitekt omvendt til å sjå på ting på ny, før du sjølv gjev ting form.

Filosofilæraren Bjørn siterar Heidegger sitt ord der Ursprung, på norsk bokstavleg omsett, utspring. Avgjerande i læretimen i denne stunda er at filosofilæraren vår står her framføre deg, i samtale med deg. Slik var Bjørn Holgernes læraren.  Han var med oss midt inne i faget vårt.

Språket i kunsten er avgjerande i kommunikasjonen mellom menneske, ikkje kalkulasjonen. Jamfør Skjervheim.  Ikkje berre Tinglogikk gjeld, som i industriproduksjon og ingeniørarbeid, men avgjerande viktig er like mykje Språklogikk og Sosial logikk. Såleis gjev filosofar av vårt århundre grunnlag for ideologien i vår tids arkitektur; Husserl, og i vår samtid, Hans Skjervheim; Heidegger, direkte til oss på BAS, gjennom Bjørn Holgernes. Det gjeld deg, og det andre mennesket. I neste steg får me Heidegger sin elev, Hannah Arendt, som skriv om rommet av fridom til ditt uttrykk.
Der Ursprung des Kunstes - Slik vert kunst til.

Filosofi-professor BJØRN HOLGERNES var med og bygde BAS, den nye arkitekthøgskulen. Me vil takka han, og heidra han. Og me vil sakna han, - veldig, hjarteleg, og forferdeleg.

Svein Hatløy