Måndag 4.mars kl.13 vert vinnaren på BAS av Statsbygg sin studentpris offentlegjort.

Kom og få med deg at Statsbygg deler ut sin studentpris på NOK 20.000,- måndag 4.mars kl. 13 i store auditorium, til eitt av tre nominerte diplomprosjekt frå 2012. Statsbygg ynskjer å stimulere til eksperimentelle og nyskapande studiar av arkitektur blant framtidige generasjonar av arkitektar. Studentprisen vert delt ut til eitt eller fleire studentprosjekt på masternivå for særleg nyskapande og vel gjennomført prosjektarbeid utført i tråd med statens føringar innan arkitekturfeltet. I evalueringa vert det lagt vekt på kvalitet og formmessig klarheit – med tanke på identitet, praktisk brukbarheit og estetisk verdi. Statsbygg har difor inngått avtale med BAS om utdeling av ein slik studentpris. BAS har lagt dette til diplomprosjekta, og sensorane ved eksamen nominerer tre av diplomprosjekta som blir sendt inn til ein jury i Statsbygg.

Dei andre arkitektskulane i Norge har same ordning, og det vert gjort tilsvarande innan fagfelta landskapsarkitektur og interiørarkitektur.

2012 var første året BAS deltok, og Statsbygg kjem til BAS måndag 4.mars for å offentleggjere vinnaren som får ein sjekk på NOK 20.000,-.   Det vert eit arrangement i store auditorium kl. 13,  der vi ynskjer studentar og lærarar velkomne.

Dei tre prosjekta som var konkurrerte om prisen var:

"Life line no. 4" by Fatemeh Tehrani and Fangzhou Song
A new campus in the city of Esfahan, Iran

"Architecture of Revolt" by Anders Rubing and Erlend A. Bolstad
Negotiating freedom of expression and security in the public realm

"Everyday Delineations" by Ani Vihervaara and Maria Therese Hage
Amplification and Diversification in the District of Lines