Kva har H.K.H. Kronprins Haakon og BAS student Per Fretheim til felles?

Begge presenterte denne veka erfaringar frå sine utanlandsstudier på Internasjonaliseringskonferansen 2013. Her var heile universitets-og høgskolesektoren samla, saman med Senter for Internasjonalisering av utdanning (SiU). Les meir.

Universitetet i Bergen var vertskap for Internasjonaliseringskonferansen 6.-7.mars 2013, og eit viktig spørsmål ein diskuterte der var "Kva er kvalitetsutdanning?"  Kva samanheng er det mellom internasjonalisering og kvalitet i utdanninga? Kva slags internasjonalisering fører til kvalitet - og kvalitet for kven? Kva veit vi og kva meir treng vi å vite?  Spørsmålsstillingane er henta frå ein kronikk av Alf Rasmussen, direktør ved Senter for internasjonalisering av utdanning (SIU), og Sigmund Grønmo, rektor ved Universitetet i Bergen. 

BAS var invitert til å halde innlegg for å dele våre erfaringar med særleg praksismobilitet, og skulle freiste å belyse korleis dette kan fungere som bru mellom utdanning og arbeidsliv. 

Internasjonal koordinator på BAS, Siv Aardal, forklarte først kvifor vi her på BAS meiner at praksis og internajonal erfaring er så viktig. 
Vi som utdanningsinstitusjon meiner at praksis fører til auka kvalitet for studenten, for institusjonen og for samfunnet. Studenten styrkar sine framtidige jobbmoglegheiter både nasjonalt og internasjonalt. For BAS fører det til auka akademisk kvalitet, gjennom at studentane lærer ting som ikkje blir undervist i på BAS, og dei tek dette med seg inn i si vidare utdanning på BAS ved heimkomst. For samfunnet er det enormt viktig med kandiatar som har vore ute og fått perspektiv på sitt eige fag, ein kjem med eit internasjonalt nettverk og har lært språk. Eit utanlandsopphald gjev mange av dei erfaringane som samfunnet etterspør i nyutdanna kandidatar. 
Deretter var det diplomstudent Per Fretheim sin tur til å dele sine erfaringar med først studieopphald i Paris, og seinare arbeidspraksis i London. Dette har heilt klart vore viktige erfaringar for han, og som gjer han betre rusta til å gå ut i arbeidslivet og i større grad kunne velje kvar og korleis han ynskjer å praktisere som arkitekt. 

Har du lyst til å studere eller ha arbeidspraksis i utlandet? Moglegheiten er mange, og for begge deler vil du kunne få med deg eit Erasmusstipend. Ta kontakt med Siv Aardal om du vurderer dette for neste skuleår. Les meir om studiemobilitet frå BAS, og om praksisopphald.