Invitasjon til tettstadskonferansen 2013 - 15. og 16. april på Voss!

Set av 15. og 16. april og kom og delta på årets tettstadskonferanse! Då arrangerer Hordaland fylkeskommune, i samarbeid med Voss kommune og det nasjonale Forum for stedsutvikling, to dagars open konferanse: GODE BUSTADER, I SENTRUM - betre trivsel - betre sentrumsmiljø

 

Tema for konferansen er utvikling av gode nye bustader og bustadsområde i sentrum –
eit tema som er aktuelt både nasjonalt og i ei rekkje av kommunane nett no!

Vi vil presentere eit breidt fagleg program med fleire av landets dyktigaste fagfolk på området.
Vi vil også få innblikk i mange års inngåande erfaringar frå Danmark, som er eit foregangsland innan dette temaet.
Det vil bli vist fleire «nøkkelprosjekt» som kan vere til inspirasjon for dei som står midt i planlegging eller realisering av sentrumsbustader.

Konferansen vil bli halden på Park Hotel Vossevangen.
I tillegg til det faglege programmet blir det også fleire kunstneriske innslag!

NB! Vi gjer spesielt merksame på at det vil bli to ulike fristar for påmelding:

2. april: for dei som treng hotellrom
6. april: for andre

MRK - at om de har det travelt, er det mogeleg å melde seg på berre ein av dagane.

 

Studenter kan delta på det faglige programmet (inkl kaffe) for 150kr per dag. Link til program og påmelding:
http://kurs.hfk.no/Kurs-og-konferansar/2013/Tettstadkonferanse/


Velkommen!


Beste helsing
Kari Øvsthus

Spesialrådgivar
Regionalavdelinga - Planseksjonen
Hordaland fylkeskommune
PB 7900
5020 Bergen

tel + 47 55 23 92 94
mobil + 47 975 00 127

e-post: kari.ovsthus@hfk.no