Invitasjon frokostmøte 28. august kl. 0800-1000. Befaring på Høgskulen sitt nye bygg på Kronstad

Frokostmøte er eit samarbeid mellom Bergen kommune, Hordaland fylkeskommune og Fylkesmannens Landbruksavdeling, Husbanken, Høgskolen i Bergen og Bergen Arkitekthøgskole. Møta er gratis og opne for alle. Les meir.

Tid og stad:  Onsdag 28. august 
kl. 08.00-10.00. Programmet startar kl. 08.15 som vanlig

MERK: andre lokalar
Brann stadion, inngang 9
(Sparebank Vest-tribunen)

Møtet er gratis og ope for alle. Men krev påmelding
Det er plass til eit avgrensa antall.

Vi ber difor at dei som melder seg på og ikkje kan kome, melder seg av slik at nokon annan kan få plassen.

Program

Velkommen
Om Høgskulen i Bergen sine nye bygg på Kronstad og energianlegget.
Befaring på området
Info om foredragshaldarar kjem i løpet av sommaren

Hausten 2014 flyttar Høgskulen i Bergen inn i nytt bygg på Kronstad. No er
det muligheit å få ein forsmak på nybygget og sjå energiløysingane.
Det er jobba med integrert energidesign og tverrfaglig prosjektering med
spesiell vekt på lavt netto energibehov og verknad av det lokale klimaet på
bygget i form av vind, nedbør, sol og luftforureining, samt miljøbevisst
materialbruk. Det har og vore fokus på å kople gamal og ny arkitektur og
på at dei ulike fagmiljøa skal koplast saman til ein ny heilheit.
Bygget vil få energiklasse B og har 80 energibrønnar.


Fullstendig invitasjon her.

Påmelding innan måndag 26. august kl. 12.00