Installasjonar til BARNAS BYROM 2013 - visning 14.februar mellom 14-17 på BAS

Kull26 oppmodar alle studentar og tilsette på BAS, samt andre interesserte, til å ta med borna sine til BAS Torsdag 14. Februar! Då vil vi vise prototypane på våre installasjonar til Barnas Byrom 2013, og håpar så mange som mulig ynskjer å vere med på å utforske desse. Visninga vil vere mellom 1400 til 1700, men alle store og små besøk i dette tidsrommet vil vere til god hjelp for oss. Her kan borna leike og utforske ulike lydinstallasjonar, klatre og rope i lange rør. Det vil bli bollar, ballongar og saft til glede for store og små. For meir informasjon, kontakt gjerne Aksel Stave Ervik på tlf. 48172342. Vel Møtte! Kull26.