Fellesførelesning om OPEN FORM v/ Professor Emeritus Svein Hatløy, 12. mars kl. 1415-1600

Open Form 4 - Professor em. SVEIN HATLØY: studentarbeid på BAS-HØGSKULANE I KINA OG I BERGEN, student LIN WAN og BASarkitekt OLE CHRISTIAN BØRTVEIT -- ei førelesing til minne om Ole Christian.

MINNEORD FOR OLE CHRISTIAN BØRTVEIT,

døydde 24. januar 2014.

BAS-arkitekten.

  • Brått og heilt uventa vart han borte.
  • Heile BAS er med familien hans i dette ufattelege,i sorga og det store saknet.
  • Ole Christian gav oss alle slik glede og tru på det me held på med, gjennom si måte å arbeida på, og gjennom den kraftfulle latteren sin.
  • Me minnest han særskilt frå alle studieåra, frå intervjudagen på opptaket, han den fåmælte, til diplomfesten for kullet hans,  då BAS-vitnemåla skulle overrekkjast; i den alvorstynga ventinga og den sorglause snakk og spit om kven som ville få utmerking fortel svaret om karakteren og humøret hans:  klassekamerat Sixten påstår: - utmerkinga vil gå til Ole Christian! Svaret frå Ole Christian kom kontant: - ja då kan de hiva meg på sjøen!
  • Ole Christian fekk utmerking. Om han vart kasta på sjøen kan eg ikkje minnast.
  • Prosjektet, derimot, minnest me. Det er publisert i BAS-boka, og det er emnet for fylgjande minneord.
  • Med diplomarbeidet sitt gav Ole Christian oss ein arv. I denne arven ligg ei plikt, å føra arbeidet hans vidare. Det er så viktig at BAS må skapa ein ny avdeling – «for realisering av arkitektur-innlegg som samfunnet ikkje må gå glipp av».
  • Ole Christian realiserte BAS sitt program, ein arkitektur som set mennesket fri til sjølv å skapa, som opnar kvardagen, og viser perspektiva slik at kvar ein kan velja korleis ho og han vil arbeida. Som student bygde Ole Christian BAS, med slutteksamen laga Ole Christian ein arkitektur som er BAS sitt siktemål.

BAS er ein stad og ein situasjon der han og ho som evnar og vil, lærer og øver seg å verta arkitekt, å verta medviten nyskapande, å forma samfunn som gjer folk likeverdige, men framom alt som er personleg medverkande.

Slutteksamen på BAS er steget frå skule til vår praktiske verd i vårt samfunn. Diplomarbeidet til Ole Christian var skule på Meling, på Bømlo. Det var eit steg inn i eit lokalsamfunn ved havet, og meir enn det: - eit arbeid med dimensjon og retning over havet, til utvikling av skulen si form og føremål. Det er eit arkitektarbeid større enn eit nytt skulehus. Ole Christian tenkte på elevane og undervisingsmåten. For han sjølvsagt, han var ein medvitande arkitekt.

Som for oss alle, då me skulle byrja på skulen, var det ei så stor oppleving at heile det vesle livet skulle endrast. Me venta oss alt.

Som eksamenskandidat såg Ole Christian denne nye verda, ein ny, opplevingsrik kvardag å gå inn i. Han såg dette og viste oss det. Opplevinga og røynsla frå barndomen hadde han med seg, det ser me i dei nye formene han laga skulen av – han nytta staden og situasjonen BAS til å klårgjera formsvaret, å laga rom for barndomsverda.

  • Eg skriv dette som minneord. Like mykje er det ei påminning frå Ole Christian til oss, om å vera medvitne arkitektar.
  • Med diplomarbeidet «skule på Meling» bryt han ein 2000 år gamal tradisjon i arkitekturen. Kollegaene før oss høyrte på skuledepartementet og enste ikkje det Ole Christian såg. Våre gamle kollegar har hindra utviklinga av skulen sidan folkeskulen vart innført. Arkitekten hadde makt gjennom sine teikningar, men bruka dei til å overlevera makt frå styresmaktene, i staden for å gje skapande råderett til elevane. Kunnskap skulle preikast, dikterast og repeterast i ord. Handling og læring med hendene og kroppen skulle haldast utanføre skulestova.  Skulestova var fastlagd og forma firkanta etter departementet og direktoratet sine føreskrifter; for passiv orden, militære rekkjer, å sitja i ro og ikkje røra seg under læringa. Kunnskapen var ei sanning som skulle koma frå ein innebygd stol, kateteret, som sto eit trinn høgare enn golvet med ungar, på eit podium under tavla, ein arkitektur for utøva makt. Mønsteret for denne arkitekturen ser ein i kyrkja. Kristendomen som romersk statsreligion hadde overteke eit rom for maktutøving, det romerske forsamlingsrommet Basilika med domar på høg stol på eit podium. Derfrå sa domaren kva som er rett og kva som er galt. Kyrkjearkitekturen vart og utforma for dette, og kopiert og utvikla i 2000 år av arkitekten, passivt, truleg umedviten, føyande.  I prosjektet skule på Meling braut Ole Christian dette mønsteret.
  • Ole Christian tok til med romprogrammet, ikkje på A4-ark, men med kvart rom på ei treplate med kraftig ramme av tre; rom for læring gjennom å laga og gjera: - rom for å byggja ein båt, - rom for å samla stein, - å klatra, - å syngja, - å lesa bokstavar, - og ei heil rekkja naudsynlege rom der ungane kunne vera med å læra nye ting.
  • Programmet er arkitektoniske visjonar om rom. Slik arbeidde Ole Christian som arkitekt.
  • Han gav eleven rolle og posisjon. Og han gav byggjenemnda  førestilling om kva det er å byggja skule for born.
  • Formsvaret til Ole Christian var rom for handling, og det var rom i landskapet. Skuleromma la han over bakkekanten der du kom opp skråninga. Alle med sin inngong, inn til ei hending eller handling; men når du gjekk ut, då fekk alle utsyn til havet.

Stadane i landskapet ber i seg meining. Arkitekten Ole Christian tok det fram, - gravhaugen på andre sida av den høgtliggjande sletta viste han med eit tak på nokre få stolpar som ikkje skadde grava. Slik vart og sletta vist som skuleplass, med den historiske gravhaugen og den nye skulen på kvar si side. Idrettsplassen hadde han lagt i eit amfi i bakken nedanføre, for å gje ein eigen plass for dagens sosiale handling.

Ole Christian gav arkitektonisk meining til alle dei nye romma i skulebarna si nye verd.

Dette er eit prosjekt til å reformera både skulebygget og  undervisinga.

Alle veit at det trengst. For ein ungdom å vera skulelei, er eit nederlag for samfunnet, og ein bom for dei som prøver å laga og halda skule. Nye tankar og teikningar trengst.

 

ARVEN OG PLIKTA.

Ole Christian har overlevert ein visjon. Plikta ligg i BAS sitt program, å byggja den nye arkitekturen.

 

Svein Hatløy

(rektor og ansvarleg for undervisinga i åra til Ole Christian.)

 

FØRELESING TIL MINNE OM OLE CHRISTIAN.

         Prosjektet  skule på Meling  vert vist på førelesinga   OPEN FORM 4, - OPEN FORM i BAS-skulane i Kina og Bergen.

Store Auditorium, 12.mars kl.14-16.