Bærekraftig Frokost 20. februar kl. 0800-1000: "Skogen sin funksjon i bratt terreng"

Frokostmøte er eit samarbeid mellom Bergen kommune, Hordaland fylkeskommune og Fylkesmannens Landbruksavdeling, Husbanken, Høgskolen i Bergen og Bergen Arkitekthøgskole. Møta er gratis og opne for alle. Les meir.

Skogen har ein viktig funksjon som vern mot klima, naturskadar og ras i bratt terreng. Eit mildare klima og mindre beiting gir oss meir skog og vegetasjon langt opp i fjellsidene. Dette er godt nytt for samfunnet.

 

Tid: Onsdag 20. februar kl. 08.00 – 10.00

Stad: Litteraturhuset i Bergen, Østre Skostredet 5, Auditoriet

Ikke glem å melde deg på. Frist 18. februar. 

Lenke til program og påmelding:

https://husbanken.no/universell-utforming/bergen-berekraftig-fokost-skog-og-naturfare/

"Store steiner dundret ned mot Løvstien" stod det i BA 16. september 2018. Er dette noko vi må venne oss til i Bergen framover?


Program

08.00 Frukost

08.15 Korleis kan vi leve med naturfare? 
Kunnskapsbasert hogst – korleis nytte ressursane betre? 
v/ Bergen kommune, byrådsavdelinga for byutvikling

08.30 Skredfarekart som førebuingsverktøy 
Skog som vern mot naturfare - juridisk status, ein rapport frå Naturfareforum 
v/ Hallvard Berg, seniorrådgivar, NVE Skred og vassdragsavdelinga

09.00 Pause

09.10 Beredskap og samfunnstryggleik i Vestland fylke - effektiv bruk av ressursar 
Meir tverrfagleg samarbeid mot naturfare 
v/ Haavard Stensvand, fylkesberedskapssjef, Fylkesmannen i Vestland

09.30 Integrert skogforvaltning og klimatiltak i risikoområder for naturskade 
v/ Simon Wolff, seniorrådgivar for skog og tre, Fylkesmannen i Vestland

10.00 Slutt

 

Presentasjoner fra tidligere møter finn du på Bergen kommune sine nettside. https://www.bergen.kommune.no/aktuelt/tema/gronn-strategi/10772/10775