BAS deltek på Forsningdagene UNG i Bergen

22.september 2016 finn du Bergen Arkitekthøgskole på Forskningsdagene UNG i Bergen. Dette er eit sidearrangement under Forskningsdagene i Bergen retta mot ungdom i vidaregåande skule. Karoline Kalstveit presenterer si diplomoppgåve frå BAS. Les meir.

Stad: Studentsenteret, den store foredragssalen, Egget.

Tid: 09.00-15.00 

 

BAS arkitekt Karoline Kalstveit presenterer si diplomoppgåve «Thresholds- Territories and states of liminality in Unstad, Lofoten» (diplom 2015).  

Ho vil halde eit 20 minutters kvikkforedrag, under Bolk 4, Grensesprengjande teknologi, i tidrommet kl. 12.30-15.00. Arrangementet er fullbooka! 

«Å trø over ei grense

Kan byggverk sprenge grenser? Dette foredraget handlar om å både fysisk og mentalt krysse grenser, og då snakkar me om grensa til naboen. Då Karoline Kalstveit skulle gjere diplomoppgåva si på Bergen Arkitekthøgskole, tok ho utgangspunkt i surfebygda Unstad, på Yttersia i Lofoten. Gjennom omgrepet liminalitet – henta frå sosial antropologiske teoriar om overgangsritualar, undersøkte ho bygda på fleire nivå. På Unstad fann ho spektakulær natur, ivrige surfarar og naboar som sikra eigedomane sine mot inntrengarar med metervis av gjerder. Resultatet blei ei vidareutvikling av gjerdeklyvaren, som blir brukt til å viske ut grenser, skape nye overnattingsplassar og lage nye møteplassar mellom naboane i bygda.»

Sjå meir

http://www.forskningsdagenebergen.com/forskningsdagene-ung/

 

Sjå heile programmet til Forskningsdagane i Bergen
http://www.forskningsdagenebergen.com/

P laurdag 24. september er det Forskningstorget på Festplassen, opent for alle!