3. klasse med innlegg på konferanse for bærekraftige lokalsamfunn

På Hordaland Fylkeskommune sin konferanse om helsefremjande lokalsamfunn og nærmiljø 8.mai 2014 viste 4 tredjeårsstudentar fra BAS et utval av prosjekt frå kurset Komplekst bygg. Dette kurset har i år jobba med tranformasjonar av Lagunen i Bergen. Hovudlærer Magnus Wåge introduserte oppgåva og studentane Vågard Erdahl Nyaas, Audun Høvik Hammersland, Vilde Kjærsdalen og Siri Borten viste arbeid. Kurset Komplekst bygg har sluttgjennomgang på BAS torsdag 15. og fredag 16. mai, Velkomen til alle interesserte!