15. mars er siste frist for å søkje om støtte hos Lånekassen for våren 2013

Søknader om stipend og/eller lån for våren 2013 må vere komne inn til Lånekassen innan 15. mars 2013. Den same fristen gjeld også for å melde frå om endringar for vårsemesteret 2013.

15. mars er også frist for å melde frå om endringar

Vi minner også om at endringar (flytting, endring av  talet på fag/årstimar, sivilstand osv.) som vil kunne gi rett til meir støtte, må vere melde inn til Lånekassen innan 15. mars 2013. 

·         Les meir om søknadsfristane i Lånekassen på www.lanekassen.no/fristar.

·         Les meir om å melde frå om endringar til Lånekassen på www.lanekassen.no/opplysningsplikt.

 

Vennleg helsing

Lånekassen